Kort analyse av tematikk og verkemiddel i Meg selv av Henrik Wergeland.
Portrett av Henrik Wergeland Bildenettadresse: http://2.bp.blogspot.com/_R-9RwiJzUKA/TIY6G dXwExI/AAAAAAAAAHk/ORcC4ANcVQo/s1600/Henrik+Wergeland.jpg |
Diktet “Meg selv” av Henrik Wergeland vart skriven som eit svar på ein negativ kommentar om Wergeland i Morgenbladet. Ut ifrå tittalen kan ein tru at diktet omhandlar Wergeland sjølv, men viss ein les diktet forstår ein at hovudtemaet i diktet er naturen. Han sjølv er berre eit undertema. Sjølv om diktet startar med å omhandle Wergeland, brukar han naturen som eksemplar på eigen lykke. Seinare i diktet har han heilt “gløymd” seg sjølv, og fortel berre om kor fantastisk og vakker naturen, verda og universet er, og han nemner også Gud, som skapte dette vedunderlege stadet. Han går gradvis over frå det kjære og kjente, som solskin, blader, kattar og hundar, til det langt unna, som stjernene og universet. Naturen var eit svært vanleg tema blant romantiske diktarar og forfattarar. I romantikken sverma ein for naturen og ein verdsat naturen høgt, sidan Gud var skaparen av naturen, og ingenting er vakrare enn det Gud sjølv har skapt. I diktet bruker Wergeland fleire verkemiddel, men det verkemiddelet eg syntes er mest effektivt er overdriving. Wergeland overdriv når han beskriv naturen, og det får fram kor mykje han verkeleg elskar og hyllar naturen. Han brukar også andre verkemiddel som blant anna symbol og argumentasjon. Blant anna er “brusende bekk” eit symbol for blodårane i kroppen hans, og “Jeg i slet lune, Morgenblad? Jeg, som kun behøver et glimt av solen forat briste i høy latter av en glede jeg ikke kan forklare meg?” er eit argument.
Fin blogg. hjalp veldig mye i studiene. Yours, Jørgen Gården <3 :-)
SvarSletthan var litt pappa
SvarSlett